TEKSTFORAN

Returnerer teksten som står framføre ein gjeven delstreng eller eit skiljeteikn.

Syntaks

TEKSTFORAN( Tekst [; Skiljeteikn [; Førekomstnummer [; Treffmodus [; Treffslutt [; Viss ikkje funne ]]]]])

Tekst: den opphavlege teksten.

Skiljeteikn: (valfri) skiljeteiknet. Kan bruka fleire skiljeteikn.

Førekomstnummer: (valfri) førekomsten av skiljeteiknet som teksten skal trekkjast ut framføre. Standardinnstillinga er 1. Eit negativt tal gjer at søkjet byrjar frå slutten.

Treffmodus: (valfri) sett til 1 for å utføra eit søk som ikkje skil mellom store og små bokstavar. Standardinnstillinga er 0.

Treffslutt: (valfri) sett til 1 for å handsama slutten av teksten som eit skiljeteikn. Standardinnstillinga er 0.

Viss ikkje funne: (valfri) verdien som vert returnert viss det ikkje vert funne noko treff. Standardverdien er #I/T.

note

Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.


Eksempel

=TEKSTFORAN("Å vera eller ikkje vera";"vera";2;0;0;"@@@") returnerer strengen «Å vera eller ikkje vera» og tek opptil den andre førekomsten av skiljeteiknet «vera».

=TEKSTFORAN("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";1;0;0;"@@@") returnerer teksten «@@@» fordi skiljeteiknet «spørsmål» ikkje er i kjeldeteksten-

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen er tilgjengeleg sidan LibreOffice 25.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.TEXTBEFORE

Støtt oss!