LibreOffice 25.8 Hjelp
Returnerer teksten som kjem etter ein gjeven delstreng eller eit skiljeteikn.
TEKSTETTER( Tekst [; Skiljeteikn [; Førekomstnummer [; Treffmodus [; Treffslutt [; Vis ikkje funne ]]]]])
Tekst: den opphavlege teksten.
Skiljeteikn: (valfri) skiljeteiknet. Kan bruka fleire skiljeteikn.
Førekomstnummer: (valfri) færekomsten av skiljeteiknet som teksten skal trekkjast ut etter. Standardinnstillinga er 1. Eit negativt tal gjer at søket byrjar frå slutten.
Treffmodus: (valfri) sett til 1 for å utføra eit søk som ikkje skil mellom store og små bokstavar. Standardinnstillinga er 0.
Treffslutt: (valfri) sett til 1 for å handsama slutten av teksten som eit skiljeteikn. Standardinnstillinga er 0.
Viss ikkje funne: (valfri) verdien som vert returnert viss det ikkje er treff. Standardverdien er #I/T.
=TEKSTETTER("Å vera eller ikkje vera";"eller";1;0;0;"@@@") returnerer strengen «ikkje å vera», og tek etter skiljeteiknet «eller».
=TEKSTETTER("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";1;0;0;"@@@") returnerer teksten «@@@» fordi skiljeteiknet «spørsmål» ikkje finst i kjeldeteksten.
COM.MICROSOFT.TEXTAFTER