VEKSLA

VEKSLA samanliknar uttrykk med verdi1 med verdien og returnerer det resultatet som høyrer til den første verdien som tilsvarar uttrykket. Viss det ikkje er treff og det er oppgjeve eit standard_resultat, vert dette returnert.

Syntaks

VEKSLA(uttrykk; verdi1; resultat1[; verdi2; resultat2][; ... ; [verdi127; resultat127][; standard_resultat]])

tip

Viss du vel å ikkje ha eit standard_resultat, kan du skriva inn 127 verdiar / resultatpar som parametrar. Vel du å ta med eit standar resultatpar ved slutten av lista, kan du skriva inn berre 126 verdiar / resultatpar.


uttrykk er ein innskrive tekst, eit tal, ein logisk verdi,ein dato eller ei celletilvising.

verdi1, verdi2, … er ein tilfeldig verdi eller tilvising til ei celle. Kvar verdi må ha eit gjeve resultat.

resutat1, resultat2, ... er ein vilkårleg verdi eller tilvising til ei celle.

standard_resultat: ein vilkårleg verdi eller tilvising til ei celle som vert returnert når det ikkje er treff.

Viss ingen verdi er lik uttrykk og det ikkje er oppgjeve eit standard-resultat, vert det returnert feilverdien #I/T.

Eksempel

=VEKSLA(MÅNAD(A3);1;"Januar";2;"Februar";3;"Mars";"Ikkje treff") returnerer «Januar» når A3 inneheld ein dato i januar, «Februar» når A3 inneheld ein dato i februar osv.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.SWITCH

Støtt oss!