SUMMER.VISS
Avgjer kva verdiar i eit celleområde som oppfyller eit spesifisert kriterium, og returnerer deretter summen av samsvarande verdiar. Alternativt kan funksjonen finna ut kva verdiar i eit celleområde som oppfyller eit kriterium, og deretter returnera summen av verdiar i dei tilsvarande cellene i eit anna celleområde.
Norsk nynorsk
SUMMER.VISS kan berre bruka eit enkelt kriterium på eit område. Bruk SUMMER.VISS.SETT viss du treng å bruka fleire kriterier.
SUMMER.VISS(Område; Kriterium [;SummerOmråde])
Område: Celleområdet som kriteriet vert brukt på.
SUMMER.VISS støttar samantrekkingoperatøren (~) berre i områdeparametera og berre viss den valfrie parameteren SummerOmråde ikkje er gjeven.
Kriterium: Et kriterium er ei enkelt cellereferanse, tal eller tekst. Det vert brukt i samanlikningar med celleinnhald.
Ein referanse til ei tom celle vert tolka som talverdien 0.
Eit samsvarande uttrykk kan vera:
-
Eit tal eller ein logisk verdi. Eit samsvarande celleindhald er lik med talet eller den logiske verdien.
-
Ein verdi som byrjar med en samanlikning (<, <=, =, >, >=, <>).
For =, viss verdien er tom samsvarar han med tomme celler.
For <>, viss verdien er tom, samsvarar han med celler som ikkje er tomme.
For <>, viss verdien ikkje er tom, samsvarar han med kva celleinnhald som helst, unnateke verdien, inkludert tomme celler.
Merk: «=0» finn ikkje tomme celle.
For = og <>, viss verdien ikkje er tom og ikkje kan tolkast som ein taltype eller ein av undertypane og eigenskapen Søkjevilkåra = og <> må gjelda for hele celler er merkt, skjer samanlikninga med heile celleinnhaldet. Viss det ikkje er merkt av for dette alternativet, skjer samanlininga mot kva underdel av feltet som helst som samsvarar med vilkåra. For = og <>, viss verdien ikkje er tom og ikkje kan tolkast som ein taltype, eller viss undertypane gjeld.
-
Annan tekstverdi. Viss eigenskapen Søkjekriterium = og <> må gjelda heile celler er sann, skjer samanlikninga med heile celleindhalda. Viss usann, skjer samanlikninga med kva som helst delmengde av feltet som svarar til kriteria. Uttrykket kan innehalda tekst, tal, uttrykk eller jokerteikn ( viss desse er slått på i innstillingane for utrekningar).
Søkinga har støtte for jokerteikn eller regulære uttrykk. Med regulære uttrykk slått på, kan du for eksempel skriva inn «all.*» for å finna den første staden som byrjar med «all» med kva teikn som helst etter denne. Viss du skal søkja etter ein tekst som også er eit regulært uttrykk, må du anten skriva bakoverstrek (\) framføre kvar operator eller kvart metateikn eller du må lukka inn teksten mellom «\Q» og «\E». Du kan slå den automatiske evalueringa av jokerteikn og regulære uttrykk av eller på frå i.
Når du brukar funksjonar der eitt eller fleire argument er søkjekriterium som representerer eit regulært uttrykk, vert det først prøvd å konvertera strengkriteria til tal. For eksempel vert «.0» konvertert til 0.0 og så vidare. Viss dette går bra, vil treffet ikkje vera eit vanleg uttrykk, men eit numerisk treff. Når du brukar eit språk som ikkje brukar punktum som desimalskiljeteikn, som i norsk, vil konverteringa av regulære uttrykk fungera. For å tvinga evalueringa av det regulære uttrykket i staden for eit numerisk uttrykk, bruk eit uttrykk som ikkje kan feiltolkast som numerisk, for eksempel «. [0]» eller «". \ 0» eller «(? I) .0».
SummerOmråde : Valfri. Celleområdet som verdiane vert summerte frå. Viss det ikkje er gjeve noko SummerOmråde, vert verdiane i Område summerte.
Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)
Studer denne tabellen
|
A
|
B
|
C
|
1
|
Produktnamn
|
Sales
|
Revenue
|
2
|
blyant
|
20
|
65
|
3
|
penn
|
35
|
85
|
4
|
notisblokk
|
20
|
190
|
5
|
bok
|
17
|
180
|
6
|
penal
|
ikkje
|
ikkje
|
Alle eksempla nedanfor inneheld rad nummer 6, men denne vert ignorert sidan ho inneheld tekst.
Enkel bruk
=SUMMER.VISS(C2:C6,">=100")
SUmmerer berre verdiane i området C2:C6 som er >=100. Returnerer 370 fordi cellene C2:C3 ikkje oppfyller kriteriet. Verdiane frå Område vert summerte fordi det ikkje er gjeve noko SummerOmråde.
=SUMMER.VISS(B2:B5,">=20",C2:C6)
Summerer verdiar frå området B2:B6 berre viss dei tilsvarande verdiane i området A1:A5 er =20. Returnerer 340 fordi den femte og sjette rada ikkje oppfyller kriteriet.
Bruka regulære uttrykk
=SUMMER.VISS(A2:A6,"penn",C2:C5)
Summerer verdiar frå området C2:C6 berre viss det tilsvarsnde området i A2:A6 samsvarsr nøyaktig med bokstavsne «penn». Returnerer 85 fordi radene A2 og A4:A6 ikkje oppfyller kriteriet.
=SUMMER.VISS(A2:A6,"penn",C2:C6)
Summerer verdiane frå området C2:C6 berre viss den tilsvarande cella i området A2:A6 inneheld bokstavane «penn». Returnerer verdien 150 fordi radene A4:A5 ikkje oppfyller kriteriet.
=SUMMER.VISS(Produktnamn,"penn*",inntekt)
Eit namngjeve område kan gjevast som Område- eller SumOmråde-parameteren. For eksempel, viss kolonnane i tabellen ovanfor heiter «Produktnamn», «Sal» og «Inntekt», returnerer funksjonen 150. Denne funksjonen vil berre fungera som omtalt viss du har definert namna på kolonnane ved hjelp av dialogvindauget i lenkja Definer namn.
Referanse til ei celle som kriterium
Dersom du treng å lett kunna endra eit kriterium, kan du skriva dette inn i ei eiga celle og bruka ein referanse til denne cella som kriterium i funksjonen SUMMER.VISS. For eksempel:
=SUMER.VISS(A2:A6,E2,C2:C6)
Viss E2 = penn, vil funksjonen returnera 85 fordi lenkja til cella er bytt ut med innhaldet.