SUMMER

Adderer eit talsett.

Syntaks

SUMMER(tal 1[; tal 2[; … ;tal 254]]])

tal 1; tal 2; … ;tal 255 er tal, referanse til celler eller celleområde som inneheld tal.

note

Denne funksjonen ignorerer all tekst og tomme celle innføre eit dataområde. Har du mistanke om feil resultat frå denne funksjonen, ser du etter tekst i dataområda. For å utheva tekstinnhald i dataområdet, brukar du funksjonen verdimerking.


Eksempel

=SUMMER(2;3;4) returnerer 9.

=SUMMER(A1;A3;B5) reknar ut summen av dei tre cellene.

=SUMMER(A1:E10) reknar ut summen av alle cellene i området A1 til E10.

Ein formel som =SUMMER((A1:A40>=C1)*(A1:A40<C2)*B1:B40) kan skrivast inn som ein matrise-formel ved å trykkja på tastane Skift + Enter i staden for berre å trykkja Enter når du avsluttar innskrivinga av formelen. Formelen vert då vist på formellinja omgjeve av parentesar og verkar ved å multiplisera dei tilsvarande elementa i matrisene og returnera summen av desse.

tip

Sjå wikisida SUM for meir om denne funksjonen.


Støtt oss!