STYLE-funksjonen

Brukar ein stil på cella som inneheld formelen. Etter ei viss tid kan ein annan stil brukast.

Denne funksjonen returnerer alltid den numeriske verdien 0, som gjer det mogleg å bruka han ved å leggja til STYLE-funksjonen til andre funksjonar i same cella uten å endra verdien.

note

STIL-funksjonen bør ikkje brukast utan at det er ein tvingande grunn for det. Føremålet med han er bruk med asynkrone tilleggsfunksjonar for å visuelt varsle om kor tilgjengeleg eit resultat er. I nesten alle andre tilfelle er bruk av vilkårsformatering eit betre val.


Syntaks

STYLE("Stil" [; Time [; "Stil2"]])

Stil er namnet på cellestilen som skal brukast på cella. Stilnamn skil ikkje mellom store og små bokstavar og må skrivast i doble hermeteikn.

Tid er ein valfri tidsperiode i sekund. Etter at denne tida er gått ut, vert stilen definert i Style2 brukt. Lat denne parameteren stå tom viss du ikkje vil at stilen skal endrast.

Stil2 er det valfrie namnet på ein cellestil som er tildelt cella etter at tida gjeve i Tid-parameteren har gått ut. Viss denne parameteren manglar, vert cellestilen «Standard» brukt.

note

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.


Eksempel

=10+STYLE("Bra",60,"Nøytral")

Skriv inn verdien 10 i cella og brukar stilen kalla «Bra». Etter 60 sekund vert stilen «Nøytral» brukt.

=A1*A2+STYLE(IF(CURRENT()<100,"Dårleg","Bra"))

Legg inn resultatet av å multiplisere verdiane i cellene A1 og A2 og brukar stilen «Dårleg» viss resultatet er mindre enn 100, elles vert stilen «God« brukt. Her vert funksjonen CURRENT() brukt for å få den gjeldande evaluerte verdien av funksjonen i cella.

="Totalt"&T(STYLE("Resultat"))

Skriver inn teksten «Totalt» i cella og brukar stilen «Resultat». Legg merke til at dette eksemplet handlar tekstverdiar, difor må utdata frå STYLE-funksjonen leggjast til teksten ved å bruka &-operatoren. Funksjonen T() vert brukt for å hindra at talet «0» vert lagt til den endelege teksten.

Teknisk informasjon

Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

ORG.OPENOFFICE.STYLE

Støtt oss!