SEKVENS

Generer ei liste over sekvensielle tal i ei matrise.

Syntaks

SEKVENS(rader; kolonnar; [start]; [steg])

Rader: eit positivt heiltal. Kor mange rader som skal returnerast.

Kolonnar: eit positivt heiltal. Kor mange kolonnar som skal returnerast.

Start: valfritt. Startverdien til sekvensen. Viss utelate, er standard 1.

Steg: valfritt. Kor mykje påfølgjande verdiar i matrisa skal aukast. Viss utelate, er standard 1.

note

Viss Rader og Kolonnar er større enn 1, må SEKVENS-funksjonen skrivast inn som ein matriseformel.


Viss Rader eller Kolonnar er referansar til innhaldet i andre celler. Matrisedimensjonen vert i tilfelle ikkje endra når innhaldet det vert referert til vert endra. Matrideformelen må slettast og skrivast inn på nytt.

Matrisa vert fylt frå første rad til høgre opp til verdien av Kolonnar og deretter ned til talet på rader.

Eksempel

{=SEKVENS(3,3,10,11)} returnerer 3 × 3 matrisa nedanfor med verdien 10 oppe til venstre og fyller matrisa mot høgre og deretter nedover i steg på 11.

10

21

32

43

54

65

76

87

98


Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 24.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.SEQUENCE

Støtt oss!