LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer posisjonen til eit tekstsegment i ein tekststreng. Du kan setja startposisjonen til søket. Søkjeteksten kan vera eit tal eller ein streng med teikn. Søket skil ikkje mellom store og små bokstavar. Viss teksten ikkje vert funnen, vert feilmeldinga 519 (#VERDI) vist.
SØK("FinnTekst"; "Tekst"[; Plassering])
FinnTekst er teksten det skal søkast etter.
Tekst er teksten det skal søkjast i.
Plassering (valfri) er plasseringa i teksten som søket skal byrja frå.
=SØK(54; 998877665544) returnerer 10.