AVRUND.SIG

Returnerer eit tal avrunda til eit gjeve tal på signifikante desimalplassar med normal skrivemåte for desimaltal.

Syntaks

AVRUND.SIG(verdi;siffer)

verdi er talet som skal avrundast.

siffer er kor mange desimalplassar som skal rundast av.

warning

siffer må vera eit heiltal større enn 0.


Eksempel

=AVRUND.SIG(123,456789; 5) returnerer 123,46.

=AVRUND.SIG(0,000123456789; 5) returnerer 0,00012346

=AVRUND.SIG(123456789012345; 2) returnerer 1,2E14

=AVRUND.SIG(123456789; 4) returnerer 123500000 eller 123,5E6

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.4.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

ORG.LIBREOFFICE.ROUNDSIG

Støtt oss!