LibreOffice 24.8 Hjelp
Avrunder eit tal nedover, men beheld det gjevne talet på desimalar.
Denne funktion svarer til AVKORT-funksjonen.
AVRUND.NED(Tal [; Kor_mange])
Tal: Talet som skal avrundast nedover.
Kor_mange: Valfri parameter som bestemmer kor mange desimalar det skal vera i svaret. Standardverdien er 0 (null).
Bruk negative tal for Kor_mange for å avrunda heiltalsdelen av det opphavlege Tal. Såleis vil -1 avrunda det første heiltalet framføre desimalkommaet, -2 dei to heiltala framføre kommaet og så vidare.
I LibreOffice er parameteren Kor_mange valfri, medan han er er obligatorisk i Microsoft Excel. Når ei ODS-fil inneheld eit kall til AVRUND.NED utan parameteren Kor_mange og fila vert eksportert til XLS- eller XLSX-format, vert det manglande argumentet automatisk lagt til med verdien null for å vera kompatibel.
=AVRUND.NED(21,89) returnerer 21. Merk at dette eksempelet brukar standardverdien for Kor_menge, som er 0.
=AVRUND.NED(103,37;1) returnerer 103,3.
=AVRUND.NED(0,664;2) returnerer 0,66.
=AVRUND.NED(214,2;-1) returnerer 210. Merk at Kor_mange er negativ, noko som gjer at den første heiltalsverdien framføre desimalskiljeteiknet vert avrunda mot null.