LibreOffice 7.5 Hjelp
Konverterer eit tal til eit romartal. Verdiområdet må vera mellom 0 og 3999. Ein enklare modus kan brukast i området frå 0 til 4.
ROMARTAL(Tal [; Modus])
Tal: talet som skal konverterast til eit romartal.
Modus: valfri verdi mellom 0 og 4 som indikerer graden av forenkling som skal brukast i konverteringa. Dess høgare verdi dess meir forenkling av romartalet.
=ROMARTAL(999) returnerer «CMXCIX» (brukar forenklingsmodus 0, som er standardverdien).
=ROMARTAL(999;0) returnerer «CMXCIX».
=ROMARTAL(999;1) returnerer «LMVLIV».
=ROMARTAL(999;2) returnerer «XMIX».
=ROMARTAL(999;3) returnerer «VMIV».
=ROMARTAL(999;4) returnerer «IM».
=ROMARTAL(0) returnerer «» (tom tekst).