HØGREB

Returnerer det siste teiknet eller dei siste teikna i ein tekst som brukar dobbelbyte teiknsett (DBCS).

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Syntaks

HØGREB("Tekst" [; Tal_byte])

Tekst er teksten som dei høgre teikna skal hentast ut frå.

Tal_på_byte (valfri) er talet på kor mange teikn HØGREB skal trekkja ut, basert på byte. Dersom denne parameteren ikkje er sett, vert eitt teikn returnert.

Eksempel

HØGREB("中国";1) returnerer « » (1 byte er berre halvparten av eit DBCS-teikn og mellomrom vert returnert i staden).

HØGREB("中国";2) returnerer «国» (2 byte er eit fullstendig DBCS-teikn).

HØGREB("中国";3) returnerer « 国» (3 byte er eitt og eit halvt DBCS-teikn. Det vert difor returnert eit mellomrom for det første halve teiknet).

HØGREB("中国";4) returnnerer «中国» (4 byte er to fullstendige DBCS-teikn).

HØGEB("kontor";3) returnerer «tor» (3 ikkje-DBCS-teikn, kvar på 1 byte).

Støtt oss!