LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer teiknet eller teikna lengst til høgre i ein tekst.
HØGRE("Tekst" [; Tal])
Tekst er teksten som dei høgre teikna skal hentast ut frå.
Tal (valfri) er talet på kor mange teikn frå høgre del (slutten) av teksten som skal returnerast. Dersom denne parameteren ikkje er sett, vert det returnert eitt teikn.
=HØGRE("Søndag";2) returnerer ag.