ERSTATT

Byter ut ein del av ein tekststreng med ein annan. Kan brukast til å byta ut både teikn og tal (tala vert automatisk gjorde om til tekst). Resultatet av denne funksjonen vert alltid vist som tekst. Om du vil gjera fleire utrekningar på eit tal som er bytt ut med tekst, må du gjera om teksten til eit tal ved å bruka VERDI-funksjonen.

All tekst som inneheld tal må vera i hermeteikn ("") dersom du ikkje ønskjer at han skal tolkast som tal og automatisk verta konvertert til tekst.

Syntaks

ERSTATT("Tekst"; Plassering; Lengd; "NyTekst")

Tekst er teksten der ein del av innhaldet skal bytast ut.

Posisjon er startpunktet for utskiftinga.

Lengd er kor mange teikn i Tekst som skal bytast ut.

NyTekst er den teksten som skal bytast ut i Tekst.

Eksempel

ERSTATT("1234567"; 1; 1; "444") returnerer "444234567". Eitt teikn i posisjon 1 er erstatta av heile NyTekst.

Støtt oss!