LibreOffice 25.2 Hjelp
Finn og trekk ut eller bytar ut tekst ved hjelp av regulære uttrykk.
REGEX( Tekst ; Uttrykk [ ; [ BytUtMed ] [ ; Flagg|Førekomst ] ] )
Tekst Ein tekst eller ein referanse til ei celle der det regulære uttrykket skal brukast.
Uttrykk: Ein tekst som representerer det regulære uttrykket i forma ICU regular expressions. Viss det er ingen funn og Replacement ikkje er gjeve, vert #I/T returnert.
BytUtMed: Valfri. Teksten som skal setjast inn og tilvisingar som skal fanga inn grupper. Viss det ikkje er treff, vert Tekst returnert uendra.
Flagg: Valfri. «g» byter ut alle treff av Uttrykk i Tekst utan uttrekk. Viss det ikkje er treff, vert Tekst returnert uendra.
Førekomst: Valfri. Eit tal som viser kva treff på Uttrykk i Tekst som skal dragst ut eller bytast ut. Dersom det ikkje er treff og Byt med ikkje er oppgjeve, vert #I/T returnert. Dersom det er ingen treff og Byt med er oppgjeve, vert Tekst returnert uendra. Dersom Førekomst er 0, vert Tekst returnert uendra.
=REGEX("123456ABCDEF";"[:digit:]";"Z") returnerer «Z23456ABCDEF», der det første treffet på eit siffer vert byt ut med «Z».
=REGEX("123456ABCDEF";"[:digit:]";"Z";"g") returnerer «ZZZZZZABCDEF», der alle siffer er bytte ut med «Z».
=REGEX("123456ABCDEF";"[126]";"";"g") returnerer «345ABCDEF», der alle førekomstar av «1», «2» og «6» er bytt ut med ein tom streng og difor er sletta.
=REGEX("axbxcxd";".x";;2) returnerer «bx», det andre treffet på «.x».
=REGEX("axbxcxd";"(.)x";"$1y";2) returnerer «axbycxd», det andre treffet på«(.)x» (altså.«bx») bytt ut med den innfanga gruppa på eitt teikn (altså. «b») etterfølgd av «y».
ORG.LIBREOFFICE.REGEX