LibreOffice 24.8 Hjelp
Genererer ei rekkje tilfeldige tal mellom to grenseverdiar.
TILFELDIGMATRISE([Rader [; Kolonnar [; Min [; Maks [; Heiltal] ] ] ])
Rader: (valfri) kor mange rader som skal returnerast. Viss utelete, er verdien 1.
Kolonnar: (valfri) kor mange kolonnar som skal returnerast. Viss utelete, er verdien 1.
Min: (valfri) Den nedre grensa for dei genererte tala. Viss sløyfa, er nedre grense 0.
Maks: (valfri) Den øvre grensa for dei genererte tala. Viss sløyfa, er øvre grense 1.
Heiltal: (valfri) returnerer heile tall (SANN) eller desimaltall (USANN). Standard er USANN.
Viss Rader og Kolonnar er større enn 1, må TILFELDIGMATRISE-funksjonen skrivast inn som ein matriseformel.
Viss Rader eller Kolonnar er referansar til innhaldet i andre celler. Matrisedimensjonen vert i tilfelle ikkje endra når innhaldet det vert referert til vert endra. Matrideformelen må slettast og skrivast inn på nytt.
{=TILFELDIGMATRISE(10;4;10;50;1)} returnerer ei matrise på 10 rader, 4 kolonnar med minimumsverdi 10 og maksimumsverdi 50 av heile tal (heiltal).
COM.MICROSOFT.RANDARRAY