LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer prissetjinga på ein touch-/no touch-opsjon rekna ut med Black-Scholes-modellen for prissetjing på opsjonar.
For relevante bakgrunnsopplysningar kan du gå inn på Wikipediasidene Opsjonar (finance) ogBlack-Scholes.
Du kan også finna meir om touch- og no-touch-opsjonar på fleire finansielle nettsider.
OPT_TOUCH(Punkt; Volatilitet; Rente; FramandRente; Forfall; Grense_nedre; Grense_øvre; Framand/heimleg; InOut; Grensetype[; Gresk])
Punkt er prisen / verdien på verdigjenstanden og må vera større enn 0,0.
Volatilitet er den årlege prosentuelle volatiliteten for verdigjenstanden uttrykt som desimal (for eksempel skriv du 30 % som 0,30). Verdien må vera større enn 0,0.
Rente er den kontinuerlege rentes-renta. Dette er prosent representert med desimaltal. Skriv for eksempel 0,4 for 40 %.
FramandRente er den kontinuerlege framande rentes-renta. Dette er ein prosent skrive som desimaltal. Skriv for eksempel 0,5 for 50 %.
Forfall er kor mange år som er igjen til forfall for opsjonen. Denne bør ikkje vera negativ.
Grense_nedre er den førehandsbestemte nedre grensa. Vert sett til null viss det ikkje er noko nedre grense.
Grense_øvre er den førehandsbestemte øvre grenseprisen. Sett denne til null viss det ikkje finst noko øvre grense.
Framand/heimleg er ein streng som definerer om opsjonen skal betalast i framand ("f") eller heimleg ("d") valuta.
InOut er ein streng som bestemmer om opsjonen er knock-in (“i”) eller knock-out (“o”).
Grensetype er ein streng som bestemmer om opsjonen vert følgd kontinuerleg ("c") eller berre ved slutten / forfall ("e").
Gresk (valfri) er eit strengargument. Dersom denne er sløyfa eller sett til “value”, “v”, “price” eller “p” vil funksjonen returnera prisen på opsjonen. Dersom det er sett inn ein annan gyldig streng, vil funksjonen returnera pris-følsemda (Gresk) for eitt av inndata-parameterane. Dei gyldige vala er i dette tilfellet desse:
“delta” eller “d”.
“gamma” eller “g”.
“theta” eller “t”.
“vega” eller “e”.
“volga” eller “o”.
“vanna” eller “a”.
“rho” eller “r”.
“rhof” eller “f”.
=OPT_TOUCH(50;0,25;0,05;0;1;0;55;"d";"i";"c") returnerer verdien 0,6876.
=OPT_TOUCH(80;0,2;0,05;0;0,5;60;0;"f";"o";"c";"r") returnerer verdien 15,5516.
COM.SUN.STAR.SHEET.ADDIN.PRICINGFUNCTIONS.GETOPTTOUCH