OPT_SANNSYNLEG_TREFF

Returnerer sannsynet for at ein verdigjenstand treff ein grenseverdi bestemt på førehand føresett at aksjekursen kan modellerast som ein prosess S som følgjer den stokastiske differensiallikninga.

Uttrykket OPT_SANNSYNLEG_TREFF

μ er eigedelen sin prosentvise avkastning, vol er den prosentuelle volatiliteten av aksjen, og dW er eit tilfeldig utval henta frå ei normalfordeling med ein middelverdi på null. W er ein Wiener-prosess eller browniansk rørsle.

tip

For relevante bakgrunnsopplysningar kan du gå inn på Wikipediasidene Opsjonar (finance) ogBlack-Scholes.


tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.0.


Syntaks

OPT_SANNSYNLEG.TREFF(Punkt; Volatilitet; Drift; Forfall; NedreGrense; ØvreGrense)

Punkt er prisen / verdien på verdigjenstanden og må vera større enn 0,0.

Volatilitet er den årlege prosentuelle volatiliteten for verdigjenstanden uttrykt som desimal (for eksempel skriv du 30 % som 0,30). Verdien må vera større enn 0,0.

Drift er den årlige aksjekursprosentens frekvens (µ i formelen ovanfor). Verdien vert uttrykt som ein desimal. For eksempel så skriv du inn 15 % som 0.15.

Forfall er kor mange år som er igjen til forfall for opsjonen. Denne bør ikkje vera negativ.

Strike er innløysingsprisen på opsjonen og bør vera ikkje-negativ.

Grense_nedre er den førehandsbestemte nedre grensa. Vert sett til null viss det ikkje er noko nedre grense.

Grense_øvre er den førehandsbestemte øvre grenseprisen. Sett denne til null viss det ikkje finst noko øvre grense.

Eksempel

=OPT_SANNSYNLEG_TREFF(30;0,2;0,3;1;0;40) returnerer verdien 0,6119.

=OPT_SANNSYNLEG_TREFF(70;0,3;0,1;0,5;60;0) returnerer verdien 0,4239.

Støtt oss!