LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer prissetjinga for ein grenseopsjon, rekna ut ved å bruka prisfastsetjingsmodellen frå Black-Scholes.
OPT_GRENSE(Punkt; Voladitet; Rente; Framand rente; Forfall; Strike; Nedre grense; Øvre grense; Rabatt; PutCall; InnUt; Grensetype[; Gresk])
Punkt er prisen / verdien på verdigjenstanden og må vera større enn 0,0.
Volatilitet er den årlege prosentuelle volatiliteten for verdigjenstanden uttrykt som desimal (for eksempel skriv du 30 % som 0,30). Verdien må vera større enn 0,0.
Rente er den kontinuerlege rentes-renta. Dette er prosent representert med desimaltal. Skriv for eksempel 0,4 for 40 %.
FramandRente er den kontinuerlege framande rentes-renta. Dette er ein prosent skrive som desimaltal. Skriv for eksempel 0,5 for 50 %.
Forfall er kor mange år som er igjen til forfall for opsjonen. Denne bør ikkje vera negativ.
Innløysingsprisen gjeld for opsjonen og kan ikkje vera negativ.
Grense_nedre er den førehandsbestemte nedre grensa. Vert sett til null viss det ikkje er noko nedre grense.
Grense_øvre er den førehandsbestemte øvre grenseprisen. Sett denne til null viss det ikkje finst noko øvre grense.
Rabatt er kor mykje som skal betalast ved forfall dersom grensa er nådd.
Put og Call er ein streng som seier om ei innstilling er put («p») eller call («c»).
InOut er ein streng som bestemmer om opsjonen er knock-in (“i”) eller knock-out (“o”).
Grensetype er ein streng som bestemmer om opsjonen vert følgd kontinuerleg ("c") eller berre ved slutten / forfall ("e").
=OPT_GRENSE(30;0,2;0,06;0;1;40;25;0;0;"c";"o";"c") returnerer verdien 0,4243.
=OPT_GRENSE(50;0,4;0.05;0;0,5;65;0;80;0;"p";"o";"c";"e") returnerer verdien 10,1585.
COM.SUN.STAR.SHEET.ADDIN.PRICINGFUNCTIONS.GETOPTBARRIER