TALVERDI

Konverterer strengrepresentasjonen av eit tal til den staduavhengige talverdien.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.1.


Inndatateksten kan vera i ein stadavhengig eller eit anna skreddarsydd format.

Utdatatalet er formatert som ein gyldig flyttalsverdi og vert vist med talformatet den gjeldande cella er sett til.

tip

Sjå hjelpesida Tal / Format for å læra meir om å endra talformat i ei celle.


Syntaks

TALVERDI(Tekst[;desimal_skiljeteikn[; gruppe_skiljeteikn]])

Tekst: er ein streng som inneheld talet som skal konverterast.

Desimalskiljeteikn er eit enkelt teikn som spesifiserer desimalskiljeteiknet i Tekst. Det kan sløyfast viss Tekst ikkje inneheld desimal- eller gruppeskiljeteikn.

Gruppeskiljeteikn er ein streng som spesifiserer gruppeskiljeteiknet i Tekst. Det kan sløyfast viss Tekst ikkje innehelder gruppeskiljeteikn. Desimalskiljeteiknet må ikkje brukast i gruppeskiljeteiknet.

Eksempel

=TALVERDI("1,234,567.89"; "."; ",") returnerer 1234567,89 viss lokaliseringa er sett til norsk. Funksjonen fjernar dei to gruppeskiljeteikna og byter ut punktumet med eit komma.

=TALVERDI("123·4"; "·") returnerer 123.4 viss lokaliseringa er sett til norsk. Funksjonen endrar desimalskiljeteiknet «·» til eit punktum. Det er ikkje brukt gruppeskiljeteikn i det gjevne talet så gruppeskiljeteikn er sløyfa.

=TALVERDI("123e12") returnerer 1,23E+14 viss lokaliseringa er sett til norsk. Det er ikkje brukt desimal- eller gruppeskiljeteikn i det gjevne talet, så difor er desimalskiljeteikn og gruppeskiljeteikn sløyda.

=TALVERDI("1#!234#!567"; "."; "#!") returnerer 1234567 viss lokaliseringa er sett til norsk. Merk at i dette tilfellet er gruppeskiljeteiknet spesifisert som ein to-teikn-streng

Støtt oss!