NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL

Returnerer talet på arbeidsdagar mellom start- og slutt-datoen. Det er høve til å definera helger og fridagar. Den valfrie helge-parameteren (eller ein tekststreng) kan nyttast til å definera helgedagane (eller fridagane i veka kvar veke). Brukaren kan også velja å definera ei liste med fridagar. Helgedagane og dei brukardefinerte fridagane er ikkje talde med som arbeidsdagar.

Syntaks

NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(Startdato;Sluttdato[;[Helg][;Fridagar]])

StartDato er den første datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom startdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen teke med i utrekninga.

SluttDato er den siste datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom sluttdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen teke med i utrekninga.

Vekeslutt er ein valfri parameter – eit tal eller ein streng som vert brukt for å visa kva dagar som høyrer til vekeslutt og såleis ikkje er arbeidsdagar. Vekeslutt er eit tal eller ein streng som viser når det er vekeslutt. Talverdiane indikerer desse vekesluttdagane:

Tal 1 til 7 for to-dagars vekeslutt og 11 til 17 for eitt-dags vekeslutt.

Tal

Helg

1 eller ingen

Laurdag og søndag

2

Søndag og måndag

3

Måndag og tysdag

4

Tysdag og onsdag

5

Onsdag og torsdag

6

Torsdag og fredag

7

Fredag og laurdag

11

Berre søndag

12

Berre måndag

13

Berre tysdag

14

Berre onsdag

15

Berre torsdag

16

Berre fredag

17

Berre laurdag


Ein annan måte å definera fridagar på, er å bruka helgestrengar. Strengen må ha sju (7) teikn – null (0) for arbeidsdagar og ein (1) for fridagar. Kvart tal representerer ein vekedag. Første dagen er måndag. Strengen «1111111» kan ikkje brukast. Strengen «0000011» definerer laurdag og søndag som fridagar.

Fridagar er ei valfri liste med datoar som er fridagar. Lista kan gjevast som eit celleområde.

note

Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.


tip

Det er mogleg å laga eintydige omformingar for dato og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn i ISO 8601. Viss feilen #VERDI! kjem opp, fjernar du merkinga for Lag #VERDI!-feil i → LibreOffice Calc → Formel, knappen Detaljar … i området «Detaljerte innstillingar for utrekning» i listeboksen Omform frå tekst til tal.


note

Denne funksjonen ignorerer all tekst og tomme celle innføre eit dataområde. Har du mistanke om feil resultat frå denne funksjonen, ser du etter tekst i dataområda. For å utheva tekstinnhald i dataområdet, brukar du funksjonen verdimerking.


Eksempel

Kor mange arbeidsdagar er det frå 15. desember 2016 til 14. januar 2017? Set startdatoen i C3 og sluttdatoen i D3. Cellene F3 til J3 inneheld fem (5) fridagar for jul og nyttår i datoformat: 24. desember 2016; 25. desember 2016; 31. desember 2016; 1. januar 2017.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3;;F3:J3) returnerer 21 arbeidsdagar med dei andre dagane som fridagar.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3;11;F3:J3) returnerer 24 arbeidsdagar med berre søndag som fridag.

Du kan også bruke tekststrengen «0000001» for å definera søndag som fridag i kvar veke.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3;“0000001”;F3:J3) returnerer 24 arbeidsdagar med søndag som einaste fridag.

Funksjonen kan brukast utan dei to valfrie parameterane – vekedag og fridagar – ved å sløyfa dei.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3) gjev 22 arbeidsdagar.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.NETWORKDAYS.INTL

Støtt oss!