Returnerer talet på arbeidsdagar mellom startdato og sluttdato. Helgedagar kan trekkjast i frå.
Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.
Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)
StartDato er den første datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom startdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen teke med i utrekninga.
SluttDato er den siste datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom sluttdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen teke med i utrekninga.
Fridagar: valfri liste med fridagar. Desse er ikkje-arbeidsdagar. Skriv inn eit celleområde med ein fridag i kvar celle.
Arbeidsdagar er ei valfri liste med tal som definerer ei standard arbeidsveke. Lista byrjar med søndag. Arbeidsdagar er viste med null og fridagar med eit anna tal enn null.
Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.
Det er mogleg å laga eintydige omformingar for dato og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn i ISO 8601. Viss feilen #VERDI! kjem opp, fjernar du merkinga for Lag #VERDI!-feil i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar→ LibreOffice Calc → Formel, knappen Detaljar … i området «Detaljerte innstillingar for utrekning» i listeboksen Omform frå tekst til tal.
Denne funksjonen ignorerer all tekst og tomme celle innføre eit dataområde. Har du mistanke om feil resultat frå denne funksjonen, ser du etter tekst i dataområda. For å utheva tekstinnhald i dataområdet, brukar du funksjonen verdimerking.
Eksempel
Kor mange arbeidsdagar er det mellom 15.12.2001 og 15.1.2002? Startdatoen er i C3 og sluttdatoen i D3. Cellene F3 til J3 inneheld desse fridagane: "24.12.2001", "25.12.2001", "26.12.2001", "31.12.2001", "01.01.2002".