LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer ein tekststreng frå ein DBCS-tekst. Parameterane gjev startposisjonen og kor mange teikn som skal returnerast.
DELTEKSTB("Tekst"; Start; Tal_på_byte)
Tekst er teksten som teikna skal hentast frå.
Start er posisjonen for det første teiknet i strengen du skal henta ut.
Tal_på_byte er kor mange teikn DELTEKSTB skal hente ut frå teksten, i byte.
DELTEKSTB("中国";1;0) returnerer «» (0 byte er alltid ein tom streng).
DELTEKSTB("中国";1;1) returnerer « » (1 byte er berre eit halvt DBCS-teikn og resultatet vert difor eit mellomrom).
DELTEKSTB("中国";1;2) returnerer «中» (2 byte er eit fullstendig DBCS-teikn).
DELTEKSTB("中国";1;3) returnerer «中 » (3 byte er eitt og eit halvt DBCS-teikn. Det siste teiknet er difor eit mellomrom).
DELTEKSTB("中国";1;4) returnnerer «中国» (4 byte er to fullstendige DBCS-teikn).
DELTEKSTB("中国";2;1) returnerer « » (den 2. byteposisjonen er ikkje i byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng og resultatet vert difor eit mellomrom).
DELTEKSTB("中国";2;2) returnerer « » (den 2. byteposisjonen peikar til den siste halvdelen av det første teiknet i ein DBCS-streng. Dei 2 bytane som vert returnerte er difor den siste halvparten av det første teiknet og den første halvparten av det andre teiknet. Det vert difor returnert 2 mellomrom).
DELTEKSTB("中国";2;3) returnerer « 国» (den 2. byteposisjonen er ikkje byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng og resultatet vert difor eit mellomrom for byteposisjon 2).
DELTEKSTB("中国";3;1) returnerer « » (den 3. byteposisjonen er ved byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng, men 1 byte er berre halvparten av eit DBCS-teikn og difor vert det returnert eit mellomrom).
DELTEKSTB("中国";3;2) returnerer «国» (den 3. byteposisjonen er ved byrjinga av eit teikn i ein DBCS-streng og 2 byte utgjer eit DBCS-teikn).
DELTEKSTB("kontor";2;3) returnerer «ont» (den 2. byteposisjonen er ved byrjinga av eit teikn i ein ikkje-DBCSstreng og 3 byte av ein ikkje-DBCS-streng utgjer 3 teikn).