SLÅ.OPP

Søkjer etter eit kriterium i ei alt sortert matrise og returnerer eit tilsvarande resultat. Returnerer innhaldet i ei celle anten frå ei rad eller eit kolonneområde.

Eventuelt vert den tildelte verdien (av same indeks) returnert i ein annan kolonne og rad. I motsetnad til FINN.RAD og FINN.KOLONNE, kan søkjevektoren og resultatvektoren ha ulike plasseringar og treng ikkje vera ved sida av kvarandre.

Merknadsikon

Søkinga har støtte for jokerteikn eller regulære uttrykk. Med regulære uttrykk slått på, kan du for eksempel skriva inn «all.*» for å finna den første staden som byrjar med «all» med kva teikn som helst etter denne. Viss du skal søkja etter ein tekst som også er eit regulært uttrykk, må du anten skriva bakoverstrek (\) framføre kvar operator eller kvart metateikn eller du må lukka inn teksten mellom «\Q» og «\E». Du kan slå den automatiske evalueringa av jokerteikn og regulære uttrykk av eller på frå i → LibreOffice Calc → Rekn ut.


Åtvaringsikon

Når du brukar funksjonar der eitt eller fleire argument er søkjekriterium som representerer eit regulært uttrykk, vert det først prøvd å konvertera strengkriteria til tal. For eksempel vert «.0» konvertert til 0.0 og så vidare. Viss dette går bra, vil treffet ikkje vera eit vanleg uttrykk, men eit numerisk treff. Når du brukar eit språk som ikkje brukar punktum som desimalskiljeteikn, som i norsk, vil konverteringa av regulære uttrykk fungera. For å tvinga evalueringa av det regulære uttrykket i staden for eit numerisk uttrykk, bruk eit uttrykk som ikkje kan feiltolkast som numerisk, for eksempel «. [0]» eller «". \ 0» eller «(? I) .0».


Syntaks

SLÅ.OPP(Søkjeverdi; Søkjevektor [; Resultatvektor])

Søkjeverdi er den verdien av kva type som helst det skal søkjast etter, skrive inn direkte eller som ein referanse.

Søkjevektor er ei datamatrise. Søkjet vert utført i den første rada eller den første kolonnen i matrisa.

Merknadsikon

Søkjevektoren for SLÅ.OPP må vera sortert i stigande rekkjefølgje, elles vil søket ikkje returnera brukbare resultat. Talverdiar må vera før tekstverdiar viss begge typane er med (for eksempel -2, 0, 2, "A", "B").


Viss Søkjevektoren har like mange kolonnar og rader eller har fleire rader enn kolonnar, så søkjer SLÅ.OPP i den første kolonnen (liknar på samme antall kolonner og rader eller har flere rader enn kolonner, oppslagsøk i den første kolonnen (som FINN.RAD) og returnerer den tilsvarande verdien i den siste kolonnen.

Viss Søkjevektoren har fleire kolonnar enn rader, vil SLÅ.OPP søkja i den første rada (som FINN.KOLONNE) og returnerer den tilsvarande verdien frå den siste rada.

Resultatvektor er eit anna område med éi rad eller éin kolonne som resultatet vert henta frå. Resultatet er resultatvektorcella som har same indeks som funnet i søkjevektoren har.

Visss Resultatvektor er sløyfa, så returnerer funksjonen verdien funne i den siste rada eller den siste kolonnen av Søkjevektor-matrsa.

Viss Søkjevektor er ei éin-dimensional matrise, og viss Resultatvektor er sløyfa, så returnerer funksjonen den siste førekomsten av oppslagsverdien, viss han finst i Søkjevektor.

Handsaming av tomme celler

Eksempel

Tabellen nedanfor viser landkodane for nokre land.

Kjelde: https://www.countrycode.org

Country Codes Samples

=SLÅ.OPP(46;A2:B34) returnerer «Sweden», landet med koden 46. Sidan resultatvektoren ikkje er definer, vil funksjonen returnera verdien i den siste kolonnen i søkjematrisa.

=SLÅ.OPP(55;A2:A34,D2:D34) returnerer «BR/BRA» som er ISO-koden for landkode 55 (Brazil).

=SLÅ.OPP(7;A2:B34) returnerer «Russia», den siste førekomsten av landskode 7 i søkjematrisa.

Teknisk informasjon

Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.3.


Støtt oss!

Støtt oss!