LET

Tilordnar namn til utrekningsresultat. Dette gjer det mogleg å lagra mellomliggjande utrekningar, verdiar eller definera namn i ein formel. Desse namna gjeld berre innføre ramma av LET-funksjonen.

Syntaks

LET(Namn1; Namneverdi1; Utrekning_eller_Namn2; [Namneverdi2; Utrekning_eller_Namn3 [; ...]])

Namn1: det første namnet som skal tileignast. Må byrja med ein bokstav. Kan ikkje vera utverdien frå ein formel eller i konfikt med områdesyntaksen.

note

Namneverdi1: verdien eller utrekninga som skal tilordnast Namn1.

Namn2; Namneverdi2;…: (valfri) same som Namn1 og Namneverdi1. Namneverdi2 må koma etter Namn2 og så vidare.

Utrekning: eit formeluttrykk som brukar alle namna i LET-funksjonen.

note

Utrekning må vera det siste argumentet i LET-funksjonen.


Eksempel

Gå ut frå at vi har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».

A

B

C

D

...

DO

1

Element

Hydrogen

Helium

Lithium

...

Oganesson

2

Symbol

H

He

Li

...

Og

3

Atomnummer

1

2

3

...

118

4

Relativ atommasse

1.008

4.0026

6.94

...

294


Reknar ut molarmassen for vassmolekylet ut frå kunnskapen om at molekylet har to hydrogenatom og eitt oksygenatom.

=LET(mHydro; FINN.KOLONNE("Hydrogen"; $A$1:$DO$4; 4; 0); mOxy; FINN.KOLONNE("Oksygen"; $A$1:$DO$4; 4; 0); "Molarmassen for vatn er "&(mOxy+2*mHydro)&" g/mol") returnerer «Molarmassen for vatn er 18,015 g/mol».

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 24.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.LET

Støtt oss!