LibreOffice 25.2 Hjelp
Returnerer dei første teikna av ein DBCS-tekst.
VENSTREB("Tekst"[; Tal_på_byte])
Tekst er teksten teikna skal hentast frå.
Tal_på_byte (valfri) er talet på kor mange teikn frå byrjinga av teksten som skal returnerast, basert på byte. Dersom denne parameteren ikkje er sett, vert eitt teikn returnert.
VENSTREB("中国";1) returnerer « » (1 byte er berre halvparten av eit DBCS-teikn og mellomrom vert returnert i staden).
VENSTREB("中国";2) returnerer «中» (2 byte er eit fullstendig DBCS-teikn).
VENSTREB("中国";3) returnerer «中 » (3 byte er eitt og eit halvt DBCS-teikn. Det siste teiknet er difor eit mellomrom).
VENSTREB("中国";4) returnnerer «中国» (4 byte er to fullstendige DBCS-teikn).
VENSTREB("kontor";3) returnerer "kon" (3 ikkje-DBCS-teikn, kvar på 1 byte).