VENSTRE

Returnerer det første teiknet eller dei første teikna i ein tekst.

Syntaks

VENSTRE("Tekst"[; Tal])

Tekst er teksten teikna skal hentast frå.

Tal (valfri) er talet på kor mange teikn frå byrjinga av teksten som skal returnerast. Dersom denne parameteren ikkje er sett, vert det returnert eitt teikn.

Eksempel

=VENSTRE("utdata"; 3) returnerer «utd».

Støtt oss!