PROGNOSE.ETS.STAT.MULT-funksjonen

Returnerer statistiske verdiar som er resultatet av ETS-/EDS-algoritmane.

Eksponentiell utjamning er ein metode for å glatta ut reelle verdiar i tidsseriar kunna føreslå moglege framtidige verdiar.

Eksponentiell trippelutjamning (Exponential Triple Smoothing (ETS)) er ei samling algoritmar der både trend og periodiske (sesongavhengige) påverknader vert rekna med. Eksponentiell dobbelutjamning (Exponential Double Smoothing (EDS)) liknar på ETS, men tek ikkje med periodiske påverknadar. EDS lagar lineære prognoser.

Tipsikon

Du kan finne meir om dette på Wikipedia on Exponential smoothing algorithms


PROGNOSE.ETS.STAT.MULTI reknar ut etter modellen

prognose = (basisverdi + trend * ∆x) * periodisk_avvik

Syntaks

PROGNOSE.ETS.STAT.MULT(verdiar, tidslinje, stat_type, [periodelengd], [datafullføring], [samandrag])

verdi (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. verdiar er dei historiske verdiane som du ønskjer å bruka for å lage prognose for dei neste punkta.

tidslinje (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. Tidslinjeområdet (x-verdiane) for dei historiske verdiane.

Merknadsikon

Tidslinja treng ikkje vera sortert, funksjonen vil sortera ho for utrekningane.
Verdiane i tidslinja må ha same avstand i stega.
Dersom stega ikkje er konstante i den sorterte tidslinja, vil funksjonen returnere feilen #TAL!.
Dersom områda for både tidslinja og dei historiske verdiane er av ulike storleikar, vil funksjonen returnere feilen #I/T.
Dersom tidslinja inneheld mindre enn 2 dataperiodar, vil funksjonen returnera feilen #VERDI!.


stat_type (obligatorisk): Ein talverdi frå 1 til 9. Verdien bestemmer kva statistikkar som skal returnerast for dei gjevne verdiane og x-området.

Dette er statistikkane som kan returnerast:

stat_type

Statistikk

1

Alfa utjamningsparameter for ETS-algorimen (base)

2

Gamma utjamningsparameter for ETS-algorimen (trend)

3

Beta utjamningsparameter for ETS-algorimen (periodisk avvik)

4

Gjennomsnitt for absolutt skalert feil (MASE). Eit mål på kor nøyaktig prognosen er.

5

Symmetrisk gjennomsnitt for absolutt prosentvis feil (SMAPE). Ei grannsemdsmåling basert på prosentvise feil.

6

Gjennomsnitt for absolutt feil (MAE). Eit mål på kor nøyaktig prognosen er.

7

Rota av middeltalet av kvadratiske avvik (RMSE) - ei måling av skilnadar mellom estimerte og observerte verdiar.

8

Steglengda på den oppdaga tidslinja (x-området). Når den oppdaga steglengda er i månadar/kvartal/år, vert steglengda sett i månadar, elles i dagar dersom steglengda er i datoar eller klokkeslett. I alle andre tilfelle numerisk.

9

Talet på prøver i perioden. – Dette er det same som argumentet periodelengd eller det utrekna talet i tilfelle argumentet periodelengd er sett til 1.


periodelengd (valfri): Ein talverdi >=0. Standard er 1. Eit positivt heiltal viser talet på prøver i ein periode.

Merknadsikon

Er verdien 1 viser dette at Calc skal avgjerda talet på prøver i perioden automatisk.
Er verdien 0, vert prognosen rekna ut med ADS-algoritmer.
For alle andre positive verdiar vert prognosen rekna ut med ETS-algoritmer.
Er verdien ikkje eit positivt heiltal, vil funksjonen returnera feilen #TAL!.


datafullføring (valfri): Ein logisk verdi SANN eller USANN, tala 0 eller 1 med 1 (SANN) er standard. Verdien 0 (USANN) vil leggja til manglande punkt med null som historisk verdi. Verdien 1 (SANN) vil leggja til manglande punkt som ein interpolert verdi mellom nabopunkta.

Merknadsikon

Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, kan funksjonen arbeida med opp til 30 % manglande punkt. Dei manglande punkta vert lagt til.


samandrag (valfri): Ein talverdi frå 1 til 7 med 1 sett som standard. Verdien viser kva samandragsmetode som vert brukt:

Samandrag

Funksjon

1

GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)

2

TAL.PÅ (COUNT på engelsk)

3

TAL.PÅA (COUNTA på engelsk)

4

MAKS (MAX på engelsk)

5

MEDIAN (MEDIAN på engelsk)

6

MIN (MIN på engelsk)

7

SUMMER (SUM på engelsk)


Merknadsikon

Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, vil funksjonen dra saman fleire punkt med det same tidsstempelet.


Eksempel

Tabellen nedanfor inneheld ei tidslinje og verdiane som høyrer til denne:

A

B

1

Tidslinje

Verdiar

2

01/2013

112

3

02/2013

118

4

03/2013

132

5

04/2013

100

6

05/2013

121

7

06/2013

135

8

07/2013

148

9

08/2013

148

10

09/2013

136

11

10/2013

119

12

11/2013

104

13

12/2013

118


=PROGNOSE.ETS.STAT.MULTI(Verdiar;Tidslinje;5;1;SANN();1)

Returnerer 0,084073452803966 som er den multiplikative statistikken basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje ovanfor med symmetrisk gjennomsnitt absolutt prosentfeil (SMAPE) ,ein prøve per periode, ingen manglande data og GJENNOMSNITT som samandrag.

=PROGNOSE.ETS.STAT.MULTI(Verdiar;Tidslinje;7;1;SANN();7)

Returnerer 15,8372533480997 som er dei multiplikative statistikkane basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje ovanfor, med kvadratrota av gjennomsnittet av kvadratet av feilen, ingen manglande data og SUMMER som samandrag.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

ORG.LIBREOFFICE.FORECAST.ETS.STAT.MULT

Støtt oss!