PROGNOSE.ETS.SESONGAVHENGIG-funksjonen

Returnerer talet på prøver i perioden rekna ut av Calc med PROGNOSE.ETS når argumentet periode_lengd er lik 1.

Eksponentiell utjamning er ein metode for å glatta ut reelle verdiar i tidsseriar kunna føreslå moglege framtidige verdiar.

Eksponentiell trippelutjamning (Exponential Triple Smoothing (ETS)) er ei samling algoritmar der både trend og periodiske (sesongavhengige) påverknader vert rekna med. Eksponentiell dobbelutjamning (Exponential Double Smoothing (EDS)) liknar på ETS, men tek ikkje med periodiske påverknadar. EDS lagar lineære prognoser.

Tipsikon

Du kan finne meir om dette på Wikipedia on Exponential smoothing algorithms


Det same resultatet vert returnert med PROGNOSE.STAT-funksjonen når argumentet stat_type er lik 9 (og periode_lengd er lik 1).

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.2.


Syntaks

PROGNOSE.ETS.SESONGAVHENGIG (verdi, tidslinje, [data_fullføring], [samandrag])

verdi (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. verdiar er dei historiske verdiane som du ønskjer å bruka for å lage prognose for dei neste punkta.

tidslinje (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. Tidslinjeområdet (x-verdiane) for dei historiske verdiane.

Merknadsikon

Tidslinja treng ikkje vera sortert, funksjonen vil sortera ho for utrekningane.
Verdiane i tidslinja må ha same avstand i stega.
Dersom stega ikkje er konstante i den sorterte tidslinja, vil funksjonen returnere feilen #TAL!.
Dersom område for tidslinja og dei historiske verdiane er av ulike storleikar, vil funksjonen returnere feilen #TAL!.
Dersom tidslinja inneheld mindre enn 2 dataperiodar, vil funksjonen returnere feilen #VERDI!.


datafullføring (valfri): Ein logisk verdi SANN eller USANN, tala 0 eller 1 med 1 (SANN) er standard. Verdien 0 (USANN) vil leggja til manglande punkt med null som historisk verdi. Verdien 1 (SANN) vil leggja til manglande punkt som ein interpolert verdi mellom nabopunkta.

Merknadsikon

Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, kan funksjonen arbeida med opp til 30 % manglande punkt. Dei manglande punkta vert lagt til.


samandrag (valfri): Ein talverdi frå 1 til 7 med 1 sett som standard. Verdien viser kva samandragsmetode som vert brukt:

Samandrag

Funksjon

1

GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)

2

TAL.PÅ (COUNT på engelsk)

3

TAL.PÅA (COUNTA på engelsk)

4

MAKS (MAX på engelsk)

5

MEDIAN (MEDIAN på engelsk)

6

MIN (MIN på engelsk)

7

SUMMER


Merknadsikon

Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, vil funksjonen dra saman fleire punkt med det same tidsstempelet.


Eksempel

Tabellen nedanfor inneheld ei tidslinje og verdiane som høyrer til denne:

A

B

1

Tidslinje

Verdiar

2

01/2013

112

3

02/2013

118

4

03/2013

132

5

04/2013

100

6

05/2013

121

7

06/2013

135

8

07/2013

148

9

08/2013

148

10

09/2013

136

11

10/2013

119

12

11/2013

104

13

12/2013

118


=PROGNOSE.ETS.SESONGAVHENGIG(Verdiar;Tidslinje;SANN();1)

Returnerer 6, som er talet på prøver i perioden basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje nemnde ovanfor, ingen manglande data og GJENNOMSNITT som samandrag.

Støtt oss!