PROGNOSE.ETS.PI.ADD-funksjonen

Reknar ut prognoseintervall for Calculates the prediction interval(s) for additiv prognose basert på historiske data ved bruk av ETS- eller EDS-algoritmar. EDS vert brukt når argumentet periodelengd er 0, elles vert ETS brukt.

Eksponentiell utjamning er ein metode for å glatta ut reelle verdiar i tidsseriar kunna føreslå moglege framtidige verdiar.

Eksponentiell trippelutjamning (Exponential Triple Smoothing (ETS)) er ei samling algoritmar der både trend og periodiske (sesongavhengige) påverknader vert rekna med. Eksponentiell dobbelutjamning (Exponential Double Smoothing (EDS)) liknar på ETS, men tek ikkje med periodiske påverknadar. EDS lagar lineære prognoser.

Tipsikon

Du kan finne meir om dette på Wikipedia on Exponential smoothing algorithms


PROGNOSE.ETS.PI.ADD brukar utrekningsmodellen

prognose = basisverdi + trend * ∆x + periodisk_avvik

Syntaks

PROGNOSE.ETS.ADD(mål, verdiar, tidslinje, [tillitsnivå], [periodelengd], [datafullføring], [samandrag])

mål (obligatorisk): Ein dato, klokkeslett, ein talverdi eller talområde. Datapunktet eller området som prognosen skal reknast ut frå.

verdi (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. verdiar er dei historiske verdiane som du ønskjer å bruka for å lage prognose for dei neste punkta.

tidslinje (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. Tidslinjeområdet (x-verdiane) for dei historiske verdiane.

Merknadsikon

Tidslinja treng ikkje vera sortert, funksjonen vil sortera ho for utrekningane.
Verdiane i tidslinja må ha same avstand i stega.
Dersom stega ikkje er konstante i den sorterte tidslinja, vil funksjonen returnere feilen #TAL!.
Dersom områda for både tidslinja og dei historiske verdiane er av ulike storleikar, vil funksjonen returnere feilen #I/T.
Dersom tidslinja inneheld mindre enn 2 dataperiodar, vil funksjonen returnera feilen #VERDI!.


tiltru (nødvendig): Ein talverdi mellom 0 og 1 (eksklusiv). Standard er 0,95. Ein verdi som indikerer kor truverdig det utrekna prognoseintervallet er.

Merknadsikon

Dersom verdiane er <= 0 eller >= 1 vil funksjonen returnera feilen #TAL!.


periodelengd (valfri): Ein talverdi >=0. Standard er 1. Eit positivt heiltal viser talet på prøver i ein periode.

Merknadsikon

Er verdien 1 viser dette at Calc skal avgjerda talet på prøver i perioden automatisk.
Er verdien 0, vert prognosen rekna ut med ADS-algoritmer.
For alle andre positive verdiar vert prognosen rekna ut med ETS-algoritmer.
Er verdien ikkje eit positivt heiltal, vil funksjonen returnera feilen #TAL!.


datafullføring (valfri): Ein logisk verdi SANN eller USANN, tala 0 eller 1 med 1 (SANN) er standard. Verdien 0 (USANN) vil leggja til manglande punkt med null som historisk verdi. Verdien 1 (SANN) vil leggja til manglande punkt som ein interpolert verdi mellom nabopunkta.

Merknadsikon

Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, kan funksjonen arbeida med opp til 30 % manglande punkt. Dei manglande punkta vert lagt til.


samandrag (valfri): Ein talverdi frå 1 til 7 med 1 sett som standard. Verdien viser kva samandragsmetode som vert brukt:

Samandrag

Funksjon

1

GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)

2

TAL.PÅ (COUNT på engelsk)

3

TAL.PÅA (COUNTA på engelsk)

4

MAKS (MAX på engelsk)

5

MEDIAN (MEDIAN på engelsk)

6

MIN (MIN på engelsk)

7

SUMMER (SUM på engelsk)


Merknadsikon

Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, vil funksjonen dra saman fleire punkt med det same tidsstempelet.


Med for eksempel 90 % tillitsnivå vert eit prognoseintervall på 90 % rekna ut. Altså at 90 % av dei framtidige punkta må vera innføre denne prognoseradiusen.

note

Merknad om prognoseintervall: Det finst ingen eksakt matematisk måte å rekna ut dette for prognosar. Det er mange ulike tilnærmingar. Prognoseintervalla har ein tendens til å vera for optimistiske med aukande avstand frå prognose-x til datasettet for observasjonar.


For ETS brukar Calc ei tilnærming basert på 1000 utrekningar med tilfeldig variasjon innanfor standardavviket til det observerte datasettet (historiske verdiar).

Eksempel

Tabellen nedanfor inneheld ei tidslinje og verdiane som høyrer til denne:

A

B

1

Tidslinje

Verdiar

2

01/2013

112

3

02/2013

118

4

03/2013

132

5

04/2013

100

6

05/2013

121

7

06/2013

135

8

07/2013

148

9

08/2013

148

10

09/2013

136

11

10/2013

119

12

11/2013

104

13

12/2013

118


=PROGNOSE.ETS.PI.ADD(DATO(2014;1;1);Verdiar;Tidslinje;0,9;1;SANN();1)

Returnerer 18,8061295551355 som er den additive intervallprognosen for januar 2014 basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje ovanfor, tillitsnivå 90 % (=0,9), med ein prøve per periode, ingen manglande data og GJENNOMSNITT som samandrag.

=PROGNOSE.ETS.PI.ADD(DATO(2014;1;1);Verdiar;Tidslinje;0,8;4;SANN();7)

Returnerer 23,4416821953741 som er den additive intervallprognosen for januar 2014 basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje ovanfor, med eit tillitsnivå på 0,8, ei periodelengd på 4, ingen manglande data og SUMMER som samandrag.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.FORECAST.ETS.COFINT

Støtt oss!