PROGNOSE.ETS.ADD-funksjonen
Reknar ut prognosar (framtidige verdiar) ut frå historiske data ved hjelp av ETS- eller EDS-algoritmar. EDS vert brukt viss argumentet periode_lengd er 0, elles vert ETS brukt.
Eksponentiell utjamning er ein metode for å glatta ut reelle verdiar i tidsseriar kunna føreslå moglege framtidige verdiar.
Eksponentiell trippelutjamning (Exponential Triple Smoothing (ETS)) er ei samling algoritmar der både trend og periodiske (sesongavhengige) påverknader vert rekna med. Eksponentiell dobbelutjamning (Exponential Double Smoothing (EDS)) liknar på ETS, men tek ikkje med periodiske påverknadar. EDS lagar lineære prognoser.
PROGNOSE.ETS.ADD brukar modellen
prognose = basisverdi + trend * ∆x + periodisk_avvik
PROGNOSE.ETS.ADD(mål, verdiar, tidslinje, [periodelengd], [datafullføring], [samandrag])
mål (obligatorisk): Ein dato, klokkeslett, ein talverdi eller talområde. Datapunktet eller området som prognosen skal reknast ut frå.
verdi (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. verdiar er dei historiske verdiane som du ønskjer å bruka for å lage prognose for dei neste punkta.
tidslinje (obligatorisk): Ei numerisk liste eller eit område. Tidslinjeområdet (x-verdiane) for dei historiske verdiane.
Tidslinja treng ikkje vera sortert, funksjonen vil sortera ho for utrekningane.
Verdiane i tidslinja må ha same avstand i stega.
Dersom stega ikkje er konstante i den sorterte tidslinja, vil funksjonen returnere feilen #TAL!.
Dersom områda for både tidslinja og dei historiske verdiane er av ulike storleikar, vil funksjonen returnere feilen #I/T.
Dersom tidslinja inneheld mindre enn 2 dataperiodar, vil funksjonen returnera feilen #VERDI!.
periodelengd (valfri): Ein talverdi >=0. Standard er 1. Eit positivt heiltal viser talet på prøver i ein periode.
Er verdien 1 viser dette at Calc skal avgjerda talet på prøver i perioden automatisk.
Er verdien 0, vert prognosen rekna ut med ADS-algoritmer.
For alle andre positive verdiar vert prognosen rekna ut med ETS-algoritmer.
Er verdien ikkje eit positivt heiltal, vil funksjonen returnera feilen #TAL!.
datafullføring (valfri): Ein logisk verdi SANN eller USANN, tala 0 eller 1 med 1 (SANN) er standard. Verdien 0 (USANN) vil leggja til manglande punkt med null som historisk verdi. Verdien 1 (SANN) vil leggja til manglande punkt som ein interpolert verdi mellom nabopunkta.
Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, kan funksjonen arbeida med opp til 30 % manglande punkt. Dei manglande punkta vert lagt til.
samandrag (valfri): Ein talverdi frå 1 til 7 med 1 sett som standard. Verdien viser kva samandragsmetode som vert brukt:
Samandrag
|
Funksjon
|
1
|
GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)
|
2
|
TAL.PÅ (COUNT på engelsk)
|
3
|
TAL.PÅA (COUNTA på engelsk)
|
4
|
MAKS (MAX på engelsk)
|
5
|
MEDIAN (MEDIAN på engelsk)
|
6
|
MIN (MIN på engelsk)
|
7
|
SUMMER (SUM på engelsk)
|
Sjølv om tidslinja må ha ein konstant stegavstand mellom datapunkta, vil funksjonen dra saman fleire punkt med det same tidsstempelet.
Tabellen nedanfor inneheld ei tidslinje og verdiane som høyrer til denne:
|
A
|
B
|
1
|
Tidslinje
|
Verdiar
|
2
|
01/2013
|
112
|
3
|
02/2013
|
118
|
4
|
03/2013
|
132
|
5
|
04/2013
|
100
|
6
|
05/2013
|
121
|
7
|
06/2013
|
135
|
8
|
07/2013
|
148
|
9
|
08/2013
|
148
|
10
|
09/2013
|
136
|
11
|
10/2013
|
119
|
12
|
11/2013
|
104
|
13
|
12/2013
|
118
|
=PROGNOSE.ETS.ADD(DATO(2014;1;1);Verdi;Tidslinje;1;TRUE();1)
Returnerer 157,166666666667, den additive prognosen for januar 2014 basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje ovanfor, med ein prøve for kvar periode, ingen manglande data og GJENNOMSNITT som samandrag.
=PROGNOSE.ETS.ADD(DATE(2014;1;1);Verdiar;Tidslinje;4;TRUE();7)
Returnerer 113,251442038722, den additive prognosen for januar 2014 basert på dei namngjevne områda Verdiar og Tidslinje ovanfor, med ei periodelengd på 4, ingen manglande data og SUMMER som samandrag.
Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.2.
Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er
COM.MICROSOFT.FORECAST.ETS