Funksjonane AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED

Avrundar talet til næraste multippel av signifikant verdi.

For eit positivt tal og ein positiv signifikant verdi vil funksjonen runda av nedover (mot null). For eit negativt tal og ein negativ signifikant verdi vert retninga for avrundinga bestemt av verdien av eit modusparameter. Funksjonen returnert ei feilmelding om talet og dei signifikante verdiane har ulike forteikn.

warning

Viss reknearket vert eksportert til Microsoft Exel vert funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED eksportert som den tilsvarande funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATISK som ha vore i bruk sidan Excel 2013. Har du planar om å bruka eldre versjonar av Excel, bruk anten AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS som har vore i bruk sidan Excel 2010 eller AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL som eksporterer AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED til ein funksjon som er kompatibel med alle Excel-versjonane.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(Tal[; Signifikans[; Modus]])

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfritt) er verdien, eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien, som multiplum av Tal skal avrundast. Standard er +1 eller -1, avhengig av forteiknet for Tal.

Modus (valfritt) er eit tal eller ein referanse til ei celle som inneheld eit tal. Funksjonen brukar Modus berre viss både Tal og Signifikans er negative. I tilfelle Modus er oppgjeve og er ulik null, vert tala avrunda oppover (mot null). Viss Modus ikkje er oppgjeve eller er null, vert negative tal runda av nedover (bort frå null).

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(3,45) returnerer 3.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(3,45; 3) returnerer 3.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(-1,234) returnerer -2.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(-45,67; -2) returnerer -46.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(-45,67; -2; 1) returnerer -44.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK

Avrundar eit tal til næraste multippel av ein signifikant verdi.

For eit positivt tal rundar funksjonen oned (mot null). For eit negativt tal vert retninga for avrundinga bestemt av modus-parameteren. Forteiknet for den signifikante verdien vert ignorert.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.0.


warning

Denne funksjonen finst for å samsvara med Microsoft Excel 2013 og nyare.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK(Tal[; Signifikans[; Modus]])

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfri) er verdien eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien som multippelen av Tal skal avrundast til. Standard er 1.

Modus (valfritt) er eit tal eller ein referanse til ei celle som inneheld eit tal. I tilfelle Modus er oppgjeve og er ulik null, vert eit negativt Tal avrunda oppover (mot null). Viss Modus ikkje er oppgjeve eller er negativ, vert eit negativt Tal runda av nedover (bort frå null).

Eksempel

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK(3,45) returnerer 3.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK(3,45; -3) returnerer 3.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK(-1,234) returnerer -2.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK(-45,67; -2; 0) returnerer -46.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATIKK(-45,67; +2; 1) returnerer -44.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS

Avrundar eit tal nedover til næraste multiplum av ein signifikant verdi.

For eit positivt tal rundar funksjonen nedover (mot null). For ein negativ verdi rundar funksjonen nedover (frå null). Forteiknet til den signifikante verdien vert ignorert.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


warning

Viss reknearket vert eksportert til Microsoft Exel vert funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED eksportert som den tilsvarande funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMATISK som ha vore i bruk sidan Excel 2013. Har du planar om å bruka eldre versjonar av Excel, bruk anten AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS som har vore i bruk sidan Excel 2010 eller AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL som eksporterer AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED til ein funksjon som er kompatibel med alle Excel-versjonane.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS(Tal[; Signifikans})

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfri) er verdien eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien som multippelen av Tal skal avrundast til. Standard er 1.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS(3,45) returnerer 3.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS(-45,67;2) returnerer -46.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL

Avrundar eit tal nedover til næraste multippel av ein signifikant verdi.

For eit positivt tal og ein positiv signifikant verdi, rundar funksjonen nedover (mot null). For eit negativt tal og ein positiv signifikant verdi, rundar funksjonen nedover (bort frå null). For eit negativt tal og ein negativ signifikant verdi, rundar funksjonen oppover (mot null). Funksjonen returnerer ei feilmelding dersom talet er positivt og den signifikante verdien er negativ.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.0.


warning

Denne funksjonen finst for at reknearket kan brukast også med Microsoft Excel 2007 eller eldre. Viss eit Calc-rekneark vert eksportert til Microsoft Excel, vert referansar til AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL i Calc eksporterte som referansar til AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED i Excel. Denne er kompatibel med alle Excel-versjonane. Viss eit Microsoft Excel-rekneark vert importert til Calc, vert Excel sin AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED importert som referanse til AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL i Calc.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL(Tal; Signifikans)

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans er verdien, eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien, som multippel av Tal skal avrundast.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL(3,45;2) returnerer 2.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL(-45,67;2) returnerer -46.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL(-45,67;-2) returnerer -44.

Støtt oss!