FAST

Returnerer eit tal som tekst med eit bestemt tal desimalar og valfritt tusenskiljeteikn.

Syntaks

FAST(Tal; Desimalar = 2[; IngenTusenskiljeteikn])

Tal vert avrunda til Desimal desimalplassar (etter desimalskiljeteiknet) og resultatet vert formatert som tekst, med lokale innstillingar.

Desimalar (valfri) er kor mange desimalar som skal visast. Viss Desimalar er negativ, vert Tal avrunda til ABS (Desimalar) (absolutte desimalar) til venstre for desimalteiknet. Viss Desimalar er ein brøk, vert berre heile talet brukt.

IngenTusenskilje (valfri) bestemmer om det skal brukast tusenskiljeteikn. Viss denne er sett til Sann eller eit anna tal enn null, vert tusenskileteiknet ikkje brukt i resultatstrengen. Viss parameteren er lik 0 eller manglar heilt, vert tusentalsskiljeteikna frå den gjeldande lokale innstillinga brukt.

Eksempel

=FAST(1234567,89;3) returnerer 1.234.567,890 som ein tekststreng.

=FAST(123456,789;;Sann) returnerer 123456,79 som ein tekststreng.

=FAST(12345,6789;-2) returnerer 12,300 som ein tekststreng.

=FAST(1234567,89;-3;1) returnerer 12135000 som ein tekststreng.

=FAST(12345,789;3/4) returnerer 12.346 som ein tekststreng.

=FAST(12345,789;5/4) returnerer 12 345,8 som ein tekststreng.

Støtt oss!