FEIL.TYPE function

Returnerer eit tal som viser feiltypen eller feilverdien #I/T dersom det ikkje er feil.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.0.


Syntaks

FEIL.TYPE(Feilverdi)

Feilverdi – nødvendig argument. Feilverdien eller ein referanse til ei celle som skal handsamast.

Feilverdi

Returnerer

#NULL! (Feil:521)

1

#DIV/0! (Feil:532)

2

#VERDI! (Feil:519)

3

#REF! (Feil:524)

4

#NAMN? (Feil:525)

5

#TAL! (Feil:503)

6

#I/T (Feil:32767)

7

Alt anna

#I/T


note

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Eksempel

Enkel bruk

=FEIL.TYPE(#I/T)

Returnerer 7 fordi 7 er indekstalet til feilverdien #I/T.

=FEIL.TYPE(A3)

Dersom A3 inneheld eit uttrykk som endar opp med deling med null, vil funksjonen returnera 2 fordi 2 er indekstalet for feilverdien #DIV/0!

Meir avansert

Dersom A1 skal dividerast med A2 og A2 kan innehalde null, kan du handtera dette slik:

=VISS(ERFEIL(A1/A2);VISS(FEIL.TYPE(A1/A2)=2;"nemnaren kan ikkje vera null");A1/A2)

Funksjonen ERFEIL returnerer SANN eller USANN ut frå om der er ein feil eller ikkje. Dersom det er feil, vil funksjonen VISS bruka det andre argumentet, er det ikkje feil vert resultatet av divisjonen brukt. Det andre argumentet ser etter feilnummeret for den aktuelle feiltypen. Dersom talet er 2, vert teksten «nemnaren kan ikkje vera null» returnert. Er det ein annan feil, vert talet 0 returnert. Dersom det ikkje finst feil, vert resultatet av divisjonen vist. Dersom det er ein feil, vert altså anten teksten eller talt 0 vist.

warning

Viss funksjonen FEIL.TYPE vert brukt som vilkår i VISS-funksjonen og FEIL.TYPE returnerer #I/T, vil også VISS-funksjonen returnera #I/T. Du kan altså bruke ERFEIL som vist ovanfor for å unngå dette.


Støtt oss!