LibreOffice 24.8 Hjelp
Resultatet er ein dato som er eit bestemt tal på månadar før eller etter startdato. Berre månadar er med i utrekninga, ikkje dagar.
DAG.ETTER(Startdato; Månadar)
Startdato er ein dato.
Månadar er talet på månadar før (negative) eller etter (positive) startdatoen.
Kva dato er éin månad før 31/3/2001?
=DAG.ETTER("2001/03/31";-1) returnerer serienummeret 36950. Formatert som dato er dette 28.02.2001.