PÅSKEDAG

Returnerer datoen for første påskedag for det innskrivne året.

Syntaks

PÅSKEDAG(År)

År er eit heiltal mellom 1583 og 9956 eller mellom 0 og 99. Du kan også rekna ut andre påskeavhengige helgedagar ved enkel addisjon med denne datoen.

2. påskedag = PÅSKEDAG(År) + 1

Langfredag = PÅSKEDAG(År) - 2

Pinsedag = PÅSKEDAG(År) + 49

2. pinsedag = PÅSKEDAG(År) + 50

Eksempel

=PÅSKEDAG(2000) returnerer 23.04.2000.

PÅSKEDAG(2000)+49 returnerer det interne serienummeret 36688. Formatert som dato, for eksempel i formatet DD.MM.ÅÅÅÅ, vert utskrifta 11.06.2000.

Støtt oss!