LibreOffice 25.2 Hjelp
Konverterer eit tal til ein tekst som representerer summen i valutaformatet, avrunda til gjevne desimalplassar ved hjelp av desimalskiljeteiknet som svarar til gjeldande lokale innstillingar. Du skriv inn talet som skal konverterast i feltet Verdi. Du kan eventuelt skriva inn talet på desimalar i feltet Desimalar. Viss det ikkje er gjeve nokon verdi her, vert alle tal viste i valutaformat med to desimalar.
Du set valutaformatet i systeminnstillingane.
VALUTA(Verdi [; Desimalar])
Verdi er eit tal, ein referanse til ei celle med eit tal eller ein formel som returnerer eit tal.
Desimalar er talet på desimalar.
=VALUTA(255) returnerer $255.00 for den engelske lokaliseringa (USA) og valutaen USD (dollar); ¥255.00 for den japanske lokalisering og valutaen JPY (yen), 255,00 € for tysk lokalisering (Tyskland)og valutaen EUR (euro) eller kr 255,00 for norsk lokalisering.
=VALUTA(367,456;2) returnerer kr 367,46.