DESIMAL

Konverterer tekst med teikn frå eit talsystem til eit positivt heiltal med det gjevne grunntalsystemet. Grunntalet må vera i området 2 til 36. Mellomrom og tabuleringar vert ignorerte. Feltet Tekst skil ikkje mellom små og store bokstavar.

Viss grunntalet er 16, vert eit innleiande x eller X, 0x eller 0X eller avsluttande h eller H ignorerte. Viss basen er 2, vert avsluttande b eller B ignorert. Andre teikn som ikkje høyrer til i talsystemet vil generera ein feil.

Syntaks

DESIMAL("Tekst"; Grunntal)

Tekst er teksten som skal konverterast.

Grunntal indikerer basen for talsystemet. Det kan vara alle positive heiltal mellom 2 og 36.

Eksempel

=DESIMAL("17";10) returnerer 17.

=DESIMAL("FACE"; 16) returnerer 64206.

=DESIMAL("0101"; 2) returnerer 5.

Støtt oss!