DATODIFF

Denne funksjonen returnerer talet på heile dagar, månadar eller år mellom startdatoen og sluttdatoen.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 3.6.


note

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

DATODIFF(Startdato; Sluttdato; Intervall)

Startdato er datoen som er utgangspunktet for utrekninga.

Sluttdato er siste datoen i utrekninga. Sluttdatoen må vere seinare enn startdatoen, elles får du ei feilmelding.

Intervall er ein streng som bestemmer korleis skilnaden skal reknast ut. Moglege verdiar er «d», «m», «y», «ym», «md» eller «yd» same kva språkinnstillingar som er brukte.

note

Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.


tip

Det er mogleg å laga eintydige omformingar for dato og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn i ISO 8601. Viss feilen #VERDI! kjem opp, fjernar du merkinga for Lag #VERDI!-feil i → LibreOffice Calc → Formel, knappen Detaljar … i området «Detaljerte innstillingar for utrekning» i listeboksen Omform frå tekst til tal.


Verdi for «Intervall»

Returverdi

"d"

Talet på heile dagar mellom start- og sluttdatoen.

"m"

Talet på heile månadar mellom start- og sluttdatoen.

"y"

Talet på heile år mellom start- og sluttdatoen.

"ym"

Talet på heile månadar som vert igjen når månadane i dei heile åra er trekte frå skilnaden mellom start- og sluttdatoen.

"md"

Talet på heile dagar som vert igjen når åra og månadane i dei heile åra og månadane er trekte frå skilnaden mellom start- og sluttdatoen.

"yd"

Talet på heile dagar som vert igjen når dei heile åra er trekte frå skilnaden mellom start- og sluttdatoen.


Eksempel

Utrekning av fødselsdag. Ein person er født 17.4.1974. I dag er det 13.6.2012.

=DATODIFF("1974-04-17";"2012-06-13";"y") gjev 38.

=DATODIFF("1974-04-17";"2012-06-13";"ym") gjev 1.

=DATODIFF("1974-04-17";"2012-06-13";"md") gjev 27.

Så han er 38 år, 1 månad og 27 dagar gammal.

==DATODIFF(DATO(1974;4;17);"2012-06-13";"m") gjev 457, han har levd i 457 månadar.

=DATODIF("17.4.1974";"13.6.2012";"d") gjev 13937, han har levd i 13937 dagar.

=DATODIFF("17.4.1974";DATO(2012;6;13);"yd") gjev 57, han hadde fødselsdag for 57 dagar sidan.

Støtt oss!