LibreOffice 24.8 Hjelp
Returnerer ein talverdi som er rekna ut på grunnlag av dei tre fargane (raud, grøn og blå) og alfakanalen i RGBA-systemet. Resultatet er avhengig av kva fargesystem som er brukt i datamaskinen.
FARGE (Raud; Grøn; Blå[; Alfa])
Raud, Grøn og Blå – nødvendige argument. Verdien for raud-, grøn- og blåkomponenten i fargen. Verdien må vera mellom 0 og 255. Null betyr ingen fargekomponent og 255 betyr full fargekomponent.
Alfa – valfritt argument. Verdien for alfakanalen eller samansett alfa. Alfa er eit heiltal mellom 0 og 255. Verdien 0 betyr full gjennomsikt og verdien 255 full dekkevne (ingen gjennomsikt).
FARGE(255;255;255;1) returnerer 33554431
FARGE(0;0;255;0) returnerer 255
FARGE(0;0;255;255) returnerer 4278190335
FARGE(0;0;400;0) returnerer Feil:502 (ugyldig argument) fordi verdien av blå er større enn 255.
ORG.LIBREOFFICE.COLOR