CODE

Returnerer ein talkode for det første teiknet i ein tekststreng.

Syntaks

CODE("Tekst")

Tekst er teksten der koden til det første teiknet skal finnast.

Kodar som er større enn 127 er avhengige av kva for teiknsett du brukar på systemet ditt (for eksempel ISO-8859-1, ISO-8859-2, Windows-1252, Windows-1250) og det er difor ikkje sikkert at dei er portable.

Eksempel

=KODE("Hieronymus") returnerer 72, =KODE("hieroglyfisk") returnerer 104.

note

Koden som vert bruk her refererer ikkje til ASCII, men til den teikntabellen som er i bruk.


Støtt oss!