REINSK

Alle teikn som ikkje kan skrivast ut, vert fjerna frå strengen.

Syntaks

REINSK("Tekst")

Tekst refererer til teksten som alle teikna som ikkje kan skrivast ut, vert fjerna frå.

Eksempel

=LENGD(REINSK(TEIKNKODE(7) & "LibreOffice Calc" & TEIKNKODE(8))) returnerer 16 og viser at funksjonen REINSK fjernar dei ikkje-utskrivbare teikna Unicode U+0007 ("BEL") og U+0008 ("BS") i byrjinga og slutten av strengen. REINSK fjernar ikkje mellomrom.

Støtt oss!