TEIKNKODE

Gjer om eit tal til eit teikn i samsvar med den kodetabellen som er i bruk. Talet kan vera to- eller tresifra og berre heile tal kan brukast.

Kodar som er større enn 127 er avhengige av kva for teiknsett du brukar på systemet ditt (for eksempel ISO-8859-1, ISO-8859-2, Windows-1252, Windows-1250) og det er difor ikkje sikkert at dei er portable.

Syntaks

TEIKNKODE(Tal)

Tal er eit heiltal mellom 1 og 255 som representerer talverdien til teiknet.

Eksempel

TEIKNKODE(100) returnerer teiknet d.

="abc" & TEIKNKODE(10) & "def" set teiknet for linjeskift inn i strengen.

Støtt oss!