Funksjonane for å avrunda gjeldande multiplum

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM

Avrundar talet til næraste multippel av signifikant verdi.

For eit positivt tal og ein positiv signifikant verdi vil funksjonen runda av oppover (frå null). For eit negativt tal og ein negativ signifikant verdi vert retninga for avrundinga bestemt av verdien av eit modusparameter. Det vert returnert ei feilmelding om talet og dei signifikante verdiane har ulike forteikn.

warning

Viss reknearket vert eksportert til Microsoft Exel vert funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP eksportert som den tilsvarande funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK som ha vore i bruk sidan Excel 2013. Har du planar om å bruka eldre versjonar av Excel, bruk anten AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS som har vore i bruk sidan Excel 2010 eller AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL som eksporterer AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP til ein funksjon som er kompatibel med alle Excel-versjonane.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(Tal[; Signifikans[; Modus]])

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfritt) er verdien, eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien, som multiplum av Tal skal avrundast. Standard er +1 eller -1, avhengig av forteiknet for Tal.

Modus (valfritt) er eit tal eller ein referanse til ei celle som inneheld eit tal. Funksjonen brukar Modus berre viss både Tal og Signifikans er begative. I tilfelle Modus er oppgjeve og er ulik null, vert tala avrunda nedover (bort frå null). Viss Modus ikkje er oppgjeve eller er null, vert negative tal runda av oppover (mot null).

Eksempel

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(3,45 returnerer 4.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(3,45;3) returnerer 6.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(-1,234) returnerer -1.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(-45,67;-2,0) returnerer -44

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(-45,67;-2,1) returnerer -46.

CAVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS

Avrundar eit tal oppover til næraste multiplum av ein signifikant verdi.

For eit positivt tal rundar funksjonen oppover (bort frå null). For ein negativ verdi rundar funksjonen oppover (mot nulol). Forteiknet til den signifikante verdien vert ignorert.

note

Resultata etter utrekningane er for denne funksjonen dei same som for funksjonen ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.


tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.3.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS(Tal[; Signifikans})

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfri) er verdien eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien som multippelen av Tal skal avrundast til. Standard er 1.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS(3,45) returnerer 4.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS(-45.67,2) returnerer -44.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK

Avrundar eit tal til næraste multiplum av ein signifikant verdi.

For eit positivt tal rundar funksjonen opp (bort frå null). For eit negativt tal vert retninga for avrundinga bestemt av modus-parameteren. Forteiknet for den signifikante verdien betyr ingen ting.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.0.


warning

Denne funksjonen finst for å samsvara med Microsoft Excel 2013 og nyare.


Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK(Tal[; Signifikans[; Modus]])

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfri) er verdien eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien som multippelen av Tal skal avrundast til. Standard er 1.

Modus (valfritt) er eit tal eller ein referanse til ei celle som inneheld eit tal. I tilfelle Modus er oppgjeve og er ulik null, vert Tal runda av nedover (bort frå null). Viss Modus ikkje er oppgjeve eller er null, vert eit negativt Tal runda av oppover (mot null).

Eksempel

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK(3,45) returnerer 4.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK(3,45;-3) returnerer 6.

==AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK(-1,234) returnerer -1.

==AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK(-45,67;-2,0) returnerer -44.

==AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK(-45,67;+2, 1) returnerer -46.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL

Rundar eit tal til den næraste multippelen av relevant verdi.

For eit positivt tal og ein positiv signifikant verdi, rundar funksjonen oppover (bort frå null). For eit negativt tal og ein positiv signifikant verdi, rundar funksjonen oppover (mot null). For eit negativt tal og ein negativ signifikant verdi, rundar funksjonen nedover (bort frå null). Funksjonen returnerer ei feilmelding dersom talet er positivt og den signifikante verdien er negativ.

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.0.


warning

Denne funksjonen finst for at reknearket kan brukast også med Microsoft Excel 2007 eller eldre. Viss eit Calc-rekneark vert eksportert til Microsoft Excel, vert referansar til AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL i Calc eksporterte som referansar til AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED i Excel. Denne er kompatibel med alle Excel-versjonane. Viss eit Microsoft Excel-rekneark vert importert til Calc, vert Excel sin AVRUND.GJELDENDE.MULTIPLUM.NED importert som referanse til AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL i Calc.


Syntaks

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL(Tal; Signifikans)

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans er verdien, eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien, som multippel av Tal skal avrundast.

Eksempel

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL(3,45;2) returnerer 4.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL(-45,67;2) returnerer -44.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL(-45,67;-2) returnerer -46.

ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP

Avrundar eit tal opp til den næraste multippelen av ein signifikant verdi.

For eit positivt tal rundar funksjonen oppover (bort frå null). For ein negativ verdi rundar funksjonen oppover (mot null). Forteiknet til den signifikante verdien vert ignorert.

note

Denne funksjonen gjev nøyaktig dei same resultata som funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS.


Syntaks

ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(Tal[; Signifikans])

Tal er talet som skal avrundast eller ein referanse til ei celle som inneheld talet.

Signifikans (valfri) er verdien eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien som multippelen av Tal skal avrundast til. Standard er 1.

Eksempel

=ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(3,45) returnerer 4.

=ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(-45,67;2) returnerer -44.

Støtt oss!