BASE

Konverterer eit positivt heiltal til ein spesifisert base til ein tekst frå nummereringssystemet. Sifra 0-9 og bokstavane A-Z vert brukte.

Syntaks

BASE(Tal; Grunntal [; MinimumLengd])

Tal er det positive heiltalet som skal konverterast.

Base indikerer basen for talsystemet. Det kan vara alle positive heiltal mellom 2 og 36.

Minimumlengd (valfri) bestemmer den minste lengda på teiknsekvensen som skal lagast. Dersom teksten er kortare enn denne minstelengda, vert det lagt til nullar til venstre i strengen.

Eksempel

=BASE(17; 10; 4) returnerer 0017 i det desimale talsystemet (titalssystemet).

=BASIS(17; 2) returnerer 10001 i det binære talsystemet.

=BASE(255; 16; 4) returnerer 00FF i det heksadesimale talsystemet.

Støtt oss!