LibreOffice 25.2 Hjelp
Datainnskivingsskjema er eit verktøy for å gjera det enkelt å skriva inn tabelldata i rekneark. Med skjemaet for å skriva inn data kan du skriva inn, redigera og sletta postar (eller rader) og unngå vassrett rulling når tabellen har mange kolonnar eller når nokre kolonnar er svært breie.
Skjemaet har støtte for opptil 32 kolonnar.
For å vera effektiv, må datatabellen ha ei overskriftrad der kvar celle er overskrifta for ei kolonne. Desse cellene vert brukte som overskrifter for datafelta i skjemaet.
Set markøren på overskriftrada i tabellen.
Vel
.Skriv inn dataa i teksfelta. Trykk Enter eller trykk på Ny for å leggja dei til i tabellen.
Ny: Fyller posten (cellene i tabellradene) med innhaldet i skjemafelta og gå til neste post eller legg til ein ny post nedst i tabellen.
Slett: Slettar den gjeldande posten.
Gjenopprett: Ved redigering av eit skjemafelt: gjenopprett innhaldet til det opphavlege innhaldet.
Førre post: Flytt til den førre posten (tabellrada).
Neste post: Flytt til den neste posten (tabellrada).
Lukk: Lukk skjemaet.
Bruk tastane Tabulator og Shift - Tabulator for å byte mellom tekstboksane i dialogvindauget for dataskjema.
Du kan bruka skjemarullefeltet for å flytta mellom postane.
Du kan opna dialogvindauget for dataskjema på nytt ved å setja markøren over overskriftsrada og opna skjemaet. Den viste posten i dataskjemaet er den første posten. Flytt til den siste posten før du skriv inn nye data, elles vert den gjeldande posten redigert.