Gå gjennom cellereferansetypar

Går gjennom absolutte og relative adresser for cellereferansar i formelen.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Ark → Gå gjennom cellereferansetypar.

Frå tastaturet:

F4


tip

LibreOffice kan endra referansen for cella markøren står i på inndatalinja, frå relativ til absolutt og omvendt ved å trykkja på F4. Dersom cella inneheld ei relativ adresse som «A1» første gongen du trykkjer på tastekombinasjonen, vert både rada og kolonnen sett til absolutte referansar ($A$1). Den andre gongen vert berre rada absolutt (A$1) og den tredje gongen berre kolonnen ($A1). Om du trykkjer ei gong til, vert begge delar stilt tilbake til relative (A1).


Støtt oss!