Celleredigeringsmodus

Slår på redigering direkte i cellene.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Rediger → Celleredigeringsmodus.

Frå tastaturet:

F2


Ei celle som inneheld ein formel, og er i celleredigeringsmodus, vil visa formeluttrykket i staden for resultatet av utrekningane.

I denne modusen vert referansar til andre celler viste i fargar og dei refererte cellene har kantlinjene utheva med same farge. Den utheva cella viser handtak i hjørna, som du kan dra i for å utvida den merkte referansen. Formelen vert oppdatert automatisk med uttrykket i referansen.

Ei celle med formelen =A1+B1 viser for eksempel A1 i farge 1 og B1 i farge 2 (fargane vert definerte internt). Celle A1 er utheva i farge 1 og B1 er utheva i farge 2.

Trykk Enter for å gå ut av celleredigeringsmodus.

Støtt oss!