Slå saman og splitt celler

Opnar ein undermeny for å slå saman og splitta celler.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Format → Slå saman eller splitt celler.


Flett saman og midtstill celler

Dette er eit kontrollelement som koplar saman alle cellene i eit rektangulært utval til ei enkelt celle, eller returnerer fletta celler til de opphavlege enkeltcellene. Ved fletting, vert cellene formaterte midtstilt.

Fletta celler

Slår saman innhaldet i dei merkte cellene til éi celle. Tek vare på formateringa i den første cella i utvalet.

Splitt opp samanslåtte celler

Deler opp tidlegare fletta celler i dei opphavlege cellene. Viss dei opphavlege cellene hadde innhald som vart teken vare på, vert dette gjenoppretta.

Støtt oss!