Handsam namn
Opnar eit dialogvindauge der du kan handsama namna i reknearket.
Vel .
Frå brukargrensesnittet med faner:
Vel .
Vel .
Vel i fana i menyen .
KommandoCtrl + F3
Anna
Vel i nedtrekkslista Namneboks på Formellinja,.
Namneområde
Vel eit namngjeve område eller ein namngjeven formel frå lista for å endra eigenskapane for området eller formelen.
Namn
Skriv inn namnet på området som du vil laga ein referanse til eller eit formeluttrykk. Tekstfeltet over viser alle områdenamna som er oppgjeve i reknearket. Om du trykkjer på eit namn i lista, vert referansen i dokumentet vist med ei blå ramme. Dersom fleire celleområde høyrer til same områdenamnet, vert dei viste med ulike fargar på rammene.
Område for formeluttrykk
Referansen til namnet på det merkte området vert vist her som ein absolutt verdi.
For å setja inn ein ny områdereferanse, set du markøren i dette feltet og brukar datamusa for å merka det ønskte området i kva ark som helst i reknearkdokumentet. For å setja inn ein ny namngjeven formel, skriv inn formeluttrykket.
Krymp / Utvid
Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.
Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.
Virkefelt
Vel virkefeltet for det namngjevne området eller den namngjevne formelen. Dokument(Global) betyr at namnet er gyldig i heile dokumentet. Alle andre arknamn som er valde vil redusere virkefeltet for det namngjevne området eller den namngjevne formelen til det aktuelle arket.
Områdeinnstillingar
Valfri. Let deg velja områdetypen for referansen.
Definerer tilleggsinnstillingar relaterte til typen av referanseområdet.
Utskriftsområde
Definerer område som utskriftsområde.
Filter
Definerer området som skal brukast i eit avansert filter.
Gjenta kolonne
Definerer området som ein repeterande kolonne.
Gjenta rad
Definerer området som ei repeterande rad.
Legg til
Trykk på knappen Legg til for å leggja til eit nytt namn.
Slett
Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.